Faktaboks

William Faulkner

William Cuthbert Falkner

Fødd
25. september 1897
Død
6. juli 1962
William Faulkner
Av / Library of Congress, Prints & Photographs Division, Carl Van Vechten Collection, repr. nr LC-USZC2-6403.

William Faulkner var ein kjend amerikansk forfattar. Han skreiv mest romanar, men også dikt og manus til filmar. To av dei mest kjende bøkene hans er Larmen og vreden (1929) og Absalom, Absalom! (1936)

I 1950 fekk han Nobelprisen i litteratur. Det er den gjevaste prisen ein forfattar kan få.

Bakgrunn

Faulkner voks opp i den vesle byen Oxford sør i USA. Han budde saman med foreldra, besteforeldre og søsken. Bestefaren fortalte ofte historier, til dømes om borgarkrigen i USA, om slaveriet, og om familien. Særleg fortalte han historier om far sin, som dei kalla for Gamle obersten.

Faulkner likte å høyre på desse historiene. Han brukte dei seinare i romanar og noveller. I nesten alle bøkene skjer handlinga i Yoknapatawpha, som var ein plass Faulkner dikta opp.

Karriere

Faulkner var ein flink elev i barneskulen, men slutta i vidaregåande skule utan å ta eksamen. Etter det hadde han mange ulike jobbar. Han studerte òg litt på universitetet.

Da han flytta til New Orleans, trefte han forfattaren Sherwood Anderson. Anderson likte det Faulkner skreiv, og hjelpte han med å få publisert dei første bøkene. Først skreiv han mest dikt, men etter kvart skreiv han mest romanar.

Stil og tema i bøkene

Ein seier Faulkner fornya det å skrive romanar. Det vil seie at han skreiv på ein heilt ny måte. Faulkner skreiv av og til slik som folk snakkar, og det var ikkje vanleg på den tida. Til dømes skreiv han lange setningar om det personane tenkjer.

Store delar av livet budde Faulkner i Oxford. Han brukte mykje av det han såg og høyrde i romanane. Noko var kvardagsleg, men det var òg konflikt mellom den svarte og kvite befolkninga der.

De fleste av romaner til Faulkner er pessimistiske, det vil seie ganske triste.

I 1950 fekk Faulkner Nobelprisen i litteratur. Han fekk prisen både på grunn av det han skreiv, og korleis han skreiv det.

Dei mest kjende bøkene

  • Larmen og vreden (1929)
  • Dødens dager (1930)
  • Mørk august (1932)
  • Absalom, Absalom! (1936)

Ettermæle

William Faulkner skreiv bøker heile livet. Han fekk stor merksemd, også etter at han døydde. Fleire av bøkene hans er alltid med på lister over dei beste bøkene som er skrivne på engelsk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Morten O. Haugen