Faktaboks

Tor Arve Røssland
Fødd
1971, Bergen
Fire av bøkene til Røssland: Blodmåne, Den tolvte spelaren, Svarte-Mathilda og Absolutt Pode

Tor Arve Røssland har skrive både for barn og ungdom. Fleire av ungdomsbøkene hans er nominerte til Uprisen. Bøkene om Pode er dei mest kjende barnebøkene hans. I 2020 kom det ei samlebok med alle historiene.

Foto av bokomslag
Av .

Tor Arve Røssland er ein norsk forfattar. Han skriv for barn og ungdom.

Bakgrunn

Tor Arve Røssland er fødd i Bergen. Han har utdanning innanfor film og litteratur og jobbar på heiltid som forfattar.

Karriere

Den første boka Røssland gav ut var barneboka Pode (1999). Etter kvart kom det tre bøker til i serien om seks år gamle Pode. Bøkene er korte og morsomme og vart svært populære. Alle er illustrerte av Øyvind Torseter.

Nokre av dei mest kjende bøkene Tor Arve Røssland har skrive er trilogien om Svarte-Mathilda. Det er ein grøssar-serie for ungdom. Første bok (Svarte-Mathilda) kom i 2010. I 2012 og 2013 kom dei to neste bøkene, Svarte Mathilda II og Svarte-Mathilda III. Bøkene er ei mystisk krimgåte om ei tenåringsjente som vart drepen for 20 år sidan.

Tema

Mange av Tor Arve Røsslands bøker inneheld grøss og mysterium. Samstundes tek han opp viktige tema som miljøvern, det å vere utanfor, vennskap, kjærleik og rasisme. Nokre av bøkene han har skrive:

I boka Soledad (2014) møter lesaren jenta Soledad på 14 år, som oppdagar at ho plutseleg er heilt åleine. Alle på øya, også familien, har forsvunne. Ho må finne ut kva som har skjedd, og korleis ho kan klare seg.

Den tolvte spelaren (2018) er ei bok med enkel tekst. Kevin har flytta til Våg. Han blir teken godt imot, men så endrar alt seg når bølla Ronny dukkar opp. Kva har eigentleg skjedd i den vesle bygda? Boka er del av Grøss og gru, ein grøssarserie for ungdom som er skriven av ulike forfattarar.

Blodmåne (2023) er òg ein grøssar. Tre venninner sjekkar inn på eit hotell på fjellet ein iskald januar. Det er faren til ein av dei som har kjøpt hotellet. Det viser seg at det isolerte hotellet er heilt tomt. Det er berre ein vaktmeister som framleis bur der. Men kvifor oppfører han seg så merkeleg?

Røssland skriv mest på nynorsk, men han har òg skrive bøker på bokmål. Det er mellom anna tre bøker i serien Skumring, som er ei serie med thrillere for ungdom.

Betydning

Fleire av bøkene til Røssland har vore nominerte til Uprisen som Foreningen !les deler ut kvart år. Det er mellom anna Svarte-Mathilda (2011), Soledad (2014), Glimt (2016) og Den tolvte spelaren (2019).

Han fekk prisen Ordknappen for romanen Gamer i 2011. Ordknappen blir gitt til forfattarar som skriv bøker med enkel tekst for barn, ungdom eller vaksne.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Morten O. Haugen