Faktaboks

Anne Gunn Halvorsen
Fødd
1984, Vikedal
Fire bokomslag, Arvingen, Drømmeprinsen, Dronningen, Kroningen
Foto av bokomslag.
Av .

Ann Gunn Halvorsen er ein norsk forfattar. Ho skriv mest for barn og ungdom.

Bakgrunn

Ann Gunn Halvorsen er fødd og oppvaksen i Vikedal i Rogaland. Ho jobbar som journalist.

Karriere

Ann Gunn Halvorsen har skrive fleire sakprosabøker. Ein av dei er Ikke vær redd – en overlevelsesguide for unge (2021).

Ann Gunn Halvorsen er mest kjend for serien Halve kongeriket. Den har ho skrive saman med Randi Fuglehaug. Serien består av åtte bøker: Arvingen (2020), Drømmeprinsen (2021), På trona (2021) Audiens (2022), Blått blod (2022), Dronningen (2023), Hoffnarren (2023) og Kroningen (2024).

Temaer

Ann Gunn Halvorsen skriv om utfordringar mange unge kan kjenne seg igjen i, som forelsking, vennskap, frykt og uvisse.

Viktige tema i serien Halve kongeriket er det å leve med sine feil, overvinne frykt, takle sosiale forventningar, eiga legning og sosiale medium.

I den første boka, Arvingen, er Lena på 17 år hovudperson. Lena og familien flyttar til Oslo. I den nye klassen hennar byrjar òg dei kongelege tvillingane, kronprins Karl Johan og prinsesse Margrethe. Lena og kronprinsen forelskar seg i kvarandre. Men Lena ber på ein stor løyndom, den som fekk henne og familien til å forlate Horten og byrje eit heilt nytt liv i hovudstaden. Arvingen er ei moderne kjærleikshistorie om om å overvinne frykt, og om å vere konge i sosiale medium.

I dei neste bøkene møter ein framleis Lena og dei kongelege. Det varierer kven av dei som er hovudperson i bøkene. Av og til er det òg andre ungdommar frå omgangskrinsen som er hovudpersonar.

Betydning

Serien Halve kongeriket er utgangspunkt for filmen Royalteen og oppfølgjaren Royalteen: prinsesse Margareth.

Arvingen hausta strålande meldingar, og vann Uprisen i 2021. Romanen Dronningen er ein av fem ungdomsbøker som Foreningen !les nominerte til Uprisen i 2024.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Morten O. Haugen